Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 262
260
i sinnsstemninga, har vi, så vidt eg kan sjå, ingen annan stad i i.-s.41 Det
ligg då nær å rekna med ei eller onnor form for litterært samband her.
Om ein gjekk ut frå at det meir gjennomgripande og omfatande er det
opphavlegare (jfr. s. 241 f), skulle då B her vera ei etterlikning av Hav.
Men dette støyter på den vansken at den teksta av Hav. som vi no har,
piar vera halden for å vera yngre enn B. Rett nok er i Landn. (Sturlub.,
Hauksb.) omtala ei saga peira Porbjarnar ok Hcivar'åar ins halta eller
saga tsfirSinga, som i alle fail må ha vori kjend av Sturla LorSarson. Men
F. Jonsson42, B. Lorolfsson43 og seinare J. Johannesson44 og G. Jonsson45
har haldi fram at denne eldre Hav. lyt vera tapt, då innhaldet i dei delane
av Landn. som har samanheng med Hav., i mange ting vik sterkt av frå
den soga vi har no. J. Johannesson og G. Jonsson tenkjer seg at forf. til
den yngre Hav. nytta den eldre på den måten at han hadde lesi ho og
skreiv etter minnet. A. Holtsmark forklårar ulikskapane mellom Landn.
og Hav. ved at dei byggjer på avvikande munnleg tradisjon, på den måten
at den eldre soga har vorti omforma til den soga vi no har46. S. Nordal
trur derimot på direkte litterært samband mellom vår Hav. og den som
er omtala i Landn. Han held fram at det finst „partier i sagaen, der godt
kan være hentet uden større forandringer fra en saga, der tilhørte en mere
klassisk periode end den yngste saga“47.
Det kan knapt vera tvil om at ei skriven Hav. har vori ei av dei mange
litterære kjeldene som Sturla LorSarson nytta til si utviding av Landn.
Men Nordal har sikkert rett i at dei stutte utdraga i Landn. ikkje tvingar
med seg den slutninga at heile den gamle Hav. er gått tapt. Det er tenkje-
leg at Hav. alt i Sturlas tid har eksistert i fleire gjerder. Denne forklår-
inga let seg og sameina med A. Holtsmarks gissing om ulike munnlege
tradisjonar, og at den gjerda som Sturla nytta, har vori opphavlegare enn
41 Jfr. A. Goedecke: Die Darst. d. Gemutsbew. s. 31. Døme der lekamsreisinga er
omtala berre ein gong i vedkomande samanheng og der omtalen ikkje er innarbeidd
i sjølve sogekomposisjonen, har vi derimot fleire av. I Qlk. \>. seier Skapti til
Qlkofri: sé ek, at pu heldr ngkkuru rakkara halanum en fyrir stundu aåan (ff. XI
89). Dette gjeld sikkert m. a. lekamsburden. Kryskap vert oftare uttrykt ved gekk
(gengr) mjgk uppstertr. Jfr. Goedecke, ovann. arb. s. 31-32.
42 Litt.hist II (1923) s. 748.
43 Håv. s. fsf. 1923 s. xx.
44 GerSir Landnåmabåkar s. 39.
45 ff. VI s. LXXXIV—LXXXIX.
46 Festskr. til F. Jonsson s. 70-71, 79 f.
41 Nord. kult. VIII :B s. 264.