Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 263
261
den vi no har. Ein slik (opphavleg munnleg?) variant kan vi ha i Landn.
191 i ein relativt klårt avgrensa liten stubb om Gestr Oddleivssons kveding
og spådomar under eit haustgilde hjå Ljotr Lorgrimsson, ei av dei mange
fråsegnene om Gestr som finst spreidde i sogelitteraturen. At t. d. namn
kan vera sterkt omlaga i ulike gjerder av ei soge, er velkjent nok48. Det
ligg nær å tenkja seg at håe gjerdene av Hav., både den som Sturla kjende,
og den som vi har, representerer omlagingar av den opphavlege soga. Dette
treng ikkje hindra at ein sentral ting, slik som omskapinga av HåvarSs
person, kan ha høyrt til soga frå opphavet. HåvarSr er fire stader i Landn.
kalia inn halti. Det er opplyst i Landn. at Lorbjgrn fjoSreksson drap
Olafr, sonen til HåvarSr og Bjargey, og sjølv vart drepen til hemn etterpå.
Denne hemnen må foreldra til Olafr ha stått for, for den halte gamle
mannen har vori med på å utføra han. Ein må då ha lov til å rekna det
for visst at også den opphavlege soga har fortalt om korleis HåvarSr
manna seg opp på sine gamle dagar. Og dersom vi, i samsvar med vanleg
meining, trur at den opphavlege Håv. har vori skriven etter munnleg
tradisjon, vert dette endå meir sannsynleg. For omskapinga av HåvarSr
er ikkje noko anna enn eit velkjent vandremotiv i typisk utforming (jfr.
s. 281). Dette motivet er det vi og finn i B, og serskilt klårt i M-g. Det er
freistande å tru at B har lånt motivet frå Håv., jamvel om dette ikkje
kan seiast med visse. Men i B er motivet ikkje så lett attkjenneleg. Soge-
mannen har nytta det ut og forfina det med vanleg raffinement.
Eit lite drag kan peika i den lei at B har lånt frå ei gjerd av Håv. som
stod nærare den gjerda av soga som Sturla har nytta. I Landn. 191 er
bunaden til Ljotr Lorgrimsson skildra: hann var i kåpu, ok var hgttrinn
lerkarir um halsinn ok ein ermr å; jfr. skildringa av Of. i B kap. 5: ein
var ermr d kåpunni M 2917; haf di kåpu svarta ok ein ermr å K
2931-3021.
Ætta til Ofeigr SkiSason vert i B førd attende til Ofeigr Qnundarson
i SkgrS, som i M-g vert kalia Of. JårngerSarson liksom i Ljosvetninga
s. og VåpnfirSinga s. Av han får vi ymse glyttar i sogene, serleg i Ljosv.
og noko i Reykdæla s. Biletet av han tykkjest alle stader sers likt. Han er
ein storbonde og kjempekar som det står age av, høgætta, gjestmild og
raust, ein mann folk gjerne søkjer hjelp hjå, og som veit råd der andre
står fast. Dertil er han ein stor humorist. Han høyrer ikkje til dei eigen-
lege hovdingane, har ikkje godord, men er sjølvskriven førar for bøndene
18 Slik og S. Nordal nemnde stad.