Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 271
269
litterær etterherming etter Egill kan det ikkje vera tale om, like lite som
etter t. d. Njåll horgeirsson. Egill i Egl. er mest sedd utanfrå. Han er
som ein halvt overmenneskeleg heros, ei utøymande naturkraft, som bryt
seg veg i samsvar med sine eigne ibuande tildriv og lover. Of. i B er der-
imot heilt menneskeleg, underlagd tronge kår og eit hardhuga miljø. Egill
triumferer i kraft av sin styrke, Ofeigr triumferer på trass av sin veikskap.
Og likevel ligg det nær å tru at han som forma B, har hatt kjennskap til
Egl. Ein humoristisk parallelt til Of.s verksemd på Alltinget har vi i Egl.
kap. 81. Båe stader tek gamlekarane sakene ut or hendene på dei yngre
og ordnar opp. Viktigare enn dette er likevel det at han som skapte B,
tykkjest ha hatt kjennskap til skaldetradisjonane på Borg (jfr. s. 109) og
at han i diktinga si (str. 4) fører vidare eit motiv som ruver serleg sterkt
i kvedskapen til myramennene, diktinga om alderdomens forfall. Sitt mest
vidgjetne uttrykk har denne diktinga fått i Sonatorrek. Men jfr. og Egl.
str. 58, 59 og 6072. Ein annan ting som minner om Egl., er fråsegna i B
om korleis Herm. gøymde bort godset sitt i eit gjel, og om ko rieis han
tenkte på dette godset til si siste stund. Gøymestaden skulle tyda på at det
er tale om ein sølvskatt. Dette liknar den vidgjetne forteljinga i Egl. kap.
85 om korleis Egill Skallagrimsson på sine gamle dagar stendig går og
tenkjer på sølvkistene sine og til slutt løyner dei på ein stad der ikkje
noko levande menneske kan finna dei meir. Soga seier at sume meinte
han hadde løynt dei i eit gjel aust for garden Mosfell. Jfr. og fråsegna i
Egl. kap. 58 om at Skalla-Grimr gøymde bort sølvet sitt73. Men liknande
forteljingar finst og elles (t. d. i Landn. 47). - Andre mogelege tilknyt-
ingspunkt mellom B og Egl. er omtala ovanfor s. 27 og 101.
Skaldetradisjonen til myramanna-ætta kan sogemannen og ha vorti
kjend med gjennom andre litterære kjelder enn Egl. Som vi seinare skal
sjå (s. 291 f), talar ymse ting for å tru at B har vorti til i eller ein stad i
nærleiken av Lingeyraklaustr. Med dette høver det godt at ei bok som
siterer kvedskap etter Skuli horsteinsson, far til Egill Skulason, er skriven
der, nemleg Oddr Snorrasons soge om Olafr Tryggvason. I
den strofa av Skuli som står hjå Oddr74, er det og klage over alderdomen.
Samstundes har prosaen til denne soga ein stad ein tydeleg parallell til
tankegangen i str. 4 i B, når det heiter: gllum verår pat, på er eldask,
segir hann, at eigi at eins tekr likamliga synina frå, heldr verdum vér ok
ff. II 294-296.
" ff. II 174.
74 F. Jonssons utg. 1932 s. 210; Skjalded.