Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 273
271
om ein viktig person så lenge til alle skjønar kven det er, og så nemner
namnet til slutt (jfr. s. 233), har vi eit godt døme på i Mork. i tåtten
om kong Magnus berfættr og Sveinki Steinarsson: på stendr madr upp
----sami madr riss upp------på riss Sveinki upp —79. Symmetrien i opp-
attaka vert her framhevja m. a. ved at Sveinki kvar gong siterer eit ord-
tøke. Utsendingane frå kongen vert reint lamslegne av Sveinkis over-
valdande (og sterkt stiliserte) ordhegd på liknande måte som domarane
vert overvalda av (3f. i B. —
I fråsegna om mannj amninga mellom dei to kongane SigurSr og Ey-
steinn har Mork. fleire likskapar med B enn Hkr.80 I Mork. ser vi korleis
samrøda tek til etter måten roleg, men at partane etter kvart vert sers
opposte i talen. Og då SigurSr kjem inn på Jorsal-ferda si, vert han heilt
patetisk: for ek til Jordånar ok kom ek vid Pul, ok så ek pik eigi par;
vann ek åtta orrostur, ok vartu i gngvarri; for ek til grafar drottins, ok
så ek pik eigi par; for ek i åna, på leid er drottinn for ok svam ek yfir,
ok så ek pik eigi par; ok knytta ek per knut, ok bidr pin par81. Men
kong Eysteinn vert ikkje svar skuldig. Han fortel om sine kongelege verk
heime i Noreg, og kvart hovudpunkt (i alt fire) vert framhevja ved eit
munu peir menn muna, at Eysteinn konungr hefir verit i Noregi, det
femte punktet omskift med munu konungar muna, peir er sidar eru, petta
verk*2. Hjå båe kongane er siste lekken variert. Desse epiforiske oppattaka
med variasjon av siste lekken viser same stilkunsten som vi finn i Of.s tale
til hovdingane i B kap. 10. Det skulle liggja nokså nær å rekna med at
han som forma B, har teki mot påverknad frå fråsegna om denne mann-
jamninga i den forma ho har i Mork. I parallellen i Hkr. er dei kunst-
ferdige responsjonane kvorvne. Kongane er her ikkje så oppøste og pa-
tetiske. Framstellinga er på sett og vis turrare. Men kongane bergar sam-
stundes båe meir av si kongelege tign, slik skikken er i Hkr.
Ramseforma oppattaking har vi i Mork. også i AuSunar J>. vest-
firzka og i kong Haraids strofe til tJlfr inn auSgi83. Dei fleste til-
knytingane til B i Mork. finst i det heile i ymse tåttar om islendingar.
™ F. Jonssons utg. 1932 s. 308,a, 3093,30.
80 F. Jonsson meinte teksta til Mork. her var resultat av omarbeiding (utg. 1932
s. xxx). P. d. a. s. har H. Lie vist korleis Snorri har støypt om teksta (Studier i
Hkr.s stil s. 65-68). Jfr. og S. Nordal i Nord. kult. VIII :B s. 221.
81 Utg. 1932 s. 383™-*.
82 Utg. 1932 s. 384.
83 Utg. 1932 s. 186 og 193.