Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 276
274
i Odds J>. Ofeigssonar kjem han til slutt i motsetnad til kongen, her av
di han gjev Hemingr stønad. Mellom hendingane i Hernings j>. og B er
der ingen samanheng. Men biletet av O. dei to stadene har tydelege sams
drag. I båe høve er han storbonde på Melr, ein gjæv og uredd kar, rik
og raust, ein stor sjøfarar og kjøpmann som har omgang med storfolk og
fyrstar i utlandet. Den største detaljlikskapen med soga har vi i fråsegna
om korleis O. trass i spott frå nordmennene kjem seg ut or ein fjord og
får god bør over havet, og i sluttorda om O.96 Det er uråd å sjå noko
merke på at han som skreiv B, har kjent tåtten. Tåtten er derimot støypt
saman av emne frå fleire kantar. Det er grunn til å tru at dette er segn-
stoff som etter kvart har knytt seg til den heilage Stefans-duken i Mels-
kyrkja. Hovudinnhaldet i Hernings [i. er ei internasjonal vandresegn97.
O.s sigling ut or Trondheimsfjorden minner og om den kjende segna om
Dlafr Haraldssons sigling ut or Målaren98. Men det serlege draget at
nordmennene spotta O., minner mest om B. Det er mykje truleg, jamvel
om ein ikkje kan visa det sikkert, at Hernings }i. delvis er påverka av B.
I det føregåande har eg freista klårleggja tilhøvet mellom B og ein del
norrøne litteraturverk som framleies eksisterer. Men forfattaren har sik-
kert kjent og vori påverka av skrifter som no er bortkomne, og kan ha
teki imot impulsar frå skrifter som vi framleies har, men der sambandet
ikkje let seg etterspora konkret. Ein slik meir uhandgripeleg litterær på-
verknad ligg utan tvil føre når det gjeld fråsegna i B om Vali.
I utforminga av Vålis person og lagnad tykkjest to motiv ha sameint
seg: motivet med den sjølvoppofrande velgjeraren, som misser livet medan
han strevar for å få i stand fred, og motivet med den velmeinte planen,
som vender seg til ulukke, „tragische Ironie“, som Heinzel kalia det99.
Den sjølvoppofrande velgjeraren har sjølvsagt prototypen sin i Kristus.
Nett slik synest han ha vori oppfata i norrøn mellomalder. Hans verk er
å skapa fred mellom menneske og Gud og mellom menneske innbyrdes. I
dette arbeidet set han livet til. Same forlikarverksemda og same lagnaden
vert tillagd heilage martyrar, ikkje minst den heilage Olafr, som gav
pengar for sjelene til fiendane sine føre slaget på Stiklestad. At dei rett-
ferdige lyt lida når dei skal gjennomføra det gode, er ein sentral tanke i
islandsk kyrkjeleg forkynning med. Hungrvaka fortel såleis om biskop
06 Sex sogu-f>aettir s. 67, B kap. 11 og 12.
87 K. Liestøl i Maal og Minne 1933 s. 102 f.
68 Segna m. a. omtala av O. Bø: Heilag-Olav i norsk folketradisjon s. 61-62.
” Beschreibung s. 149.