Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 278
276
klårt utforma. I Njål. er og „den gode planen som vender seg til ulukke“
eit hovudmotiv. P. d. a. s. har forteljinga om Hpskuldr klårt kristelege
drag. Hpskuldr er ved sin person og si gjerning eit fredspant. Han nektar
å tru vondt om Njåls-sønene og bed Gud tilgjeva dei i si siste stund. Men
om opphavsmannen til svikrådene, ValgarSr, heiter det at han var heid-
ning og ein Guds fiende. Hpskuldr-forteljinga har serskilt mykje både av
Edda-reminiscensar og kristelege drag. I samband med andre heltar av
denne typen finn vi gjerne att herre ein del av desse draga. Såleis har vi
ei rad personar der likskapen med den velgjerdsame martyren er hovud-
saka, slike som Åskell Eyvindarson i Reykd., Ingimundr Borsteinsson i
Vatnsd., Blund-Ketill og Helgi Arngrimsson i Hæns.-Por., KoSrån GuS-
mundarson i Ljosv., (Mafr HåvarSsson i Hav. Isf. og langt på veg Njåll i
Njål.103 Men Loki-typen, skurken som herre tenkjer på vondt, finn vi og
att fleire gonger i denne samanhengen. Jfr. t. d. Vémundr kpgurr i Reykd.,
Hrolleifr i Vatnsd. og Hænsna-Borir i soga om han. Slåande er likskapen
med Edda-framstellinga i dei høve der også HgSr-typen kjem inn, han som
i blind øsing fullfører den ulukkegjerninga som dei eigenleg skuldige ville
vika attende for å gjera. Slik med austmannen Qrn i Hæns.-Por. og Halir
Otryggsson i Ljosv. Her tykkjest den „blinde lagnaden" vera på ferde.
Sameininga av motiva med den sj ølvoppofrande fredssemjaren og den
velmeinte planen som fører til ulukke, møter vi og i B. Liksom Åskell i
Reykd., Ingimundr i Vatnsd. og HQskuldr i Njål. tenkjer Våli herre på
å gjera vel mot den som har gjort vondt mot han, like til siste andedrag.
Her er den kristne idesamanhengen handgripeleg. Men forsoningsplanen
mislukkast; og etter at Osp. har hoggi ned Våli, freistar han å gjeva det
utsjånad av eit mistak, av „lagnad“ (jfr. s. 151-152). Er det meir enn eit
tilfelle, når den gode fredssemjaren i soga vår ber det sjeldne namnet Våli,
eit namn som i Edda er knytt til Baldr-myten? (Dersom forma Val i er det
opphavlege i B, får sjølvsagt denne tanken mindre for seg.)
I soga vår står det ikkje meir om ætta til Våli enn at han var „frenden"
til O. Det har vori gissa på at han var ein morsfrende, då mor til O. er
Valadottir, og at far til PorgerSr var av ætta til Våli å VålastgSum i
Kormåks s.104 Men denne personen er nemnd herre i Korm., og dei hine
to Våli-personane herre i B. Her er ikkje noko grunnlag for å konstruera
103 Hjå Njåll har vi elles ei utvikling som i sumt minner om Olafr Haraldssons
hjå Snorri. Jfr. og E. 61. Sveinsson i Vaka II 286 f, ViS uppspretturnar s. 79 f.
101 If. VII 294, merkn. 2; utg. av B 1933 s. XII.