Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 279
277
ættesamanhengar. Våli i B lever så å seia ikkje sjølvstendig. Han er
hovudsakeleg til for å verta drepen, slik at konflikten i soga kan få dei
rette dimensjonar. Etter alt å døma er han ein oppdikta person, skapt av
dei litterære føresetnadene som er skisserte ovanfor, men vel helst utan
noko serskilt litterært føredøme. Umogeleg er det likevel ikkje at vi her
også delvis har direkte påverknad frå Sn.-Edda liksom ved kjenninga
sættir Ams og Austra (sjå s. 112—113).
At biletet av Våli har samanheng med Edda-diktinga, det vere seg i
litterær eller munnleg overlevering, vert meir truleg når ein legg merke til
andre Edda-reminiscensar i soga. Sume stader kan påverknad frå Edda
liggja bak utan at det no kan påvisast sikkert. Om Håvamål minner
såleis både skildringa av korleis Våli går inn i fiendehuset utan å vara
seg (Håvam. str. 1) og framhevjinga av visdomen til den gamle Of. mot
den uvislege åtferda til den unge O. (Håvam. str. 134). Tidlegare er
nemnt at biletet med ulvane som slæst, finst i HamSismål
(s. 112, merkn. 17). Klår, og frå gamalt påpeika, er likskapen mellom B
og Lokasenna. Her kjem rett nok og Qlk. j>. inn i biletet som mogeleg
gjennomgangslekk for ein del av likskapane. I jamføringa mellom Njål.
og B var det serleg Of.s utskjelling av sambandsfelagane som baud beste
parallellen. Lokas. har derimot mest av likskapar med tretta mellom Eg.
og dei hine hovdingane. Grunnsituasjonen er her analog: Til krinsen av
stolte gudar høyrer og Loki. Men han er utru og kjem i konflikt med
dei andre. Resultatet er den store senna, der Loki er opphavsmannen. Som
vanleg i slike sennur er det tidlegare hendingar som vert nytta til grunn-
lag for hånsorda, og innhaldet deira er mykje det same: skuldingar for
feigskap og pudenda, vonde ynske og spådomar. Styrm. vert i B av
Eg. skulda for reddhug og matpining. I Lokas. str. 46 seier Loki til
Byggvir:
Pegi pu, Byggvir,
pu kunnir aldregi
deila med mgnnum mat;
ok pik i flets strå
finna né måttu,
på er vågu verar.
Lokis skulding gjeld visst likevel ikkje så mykje pining og eigenkjærleik
som urettvise eller dugløyse, same skuldinga som vert sett fram mot OSinn
i str. 22: