Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 281
279
ningar. Meir slåande er likskapen mellom Edda-episoden og framstellinga
i K-g, der Svala ligg i breidd med Mår. Men heller ikkje her er det tale
om nokon eksklusiv likskap. Jfr. såleis den kjende fråsegna i Hkr. om då
kong Haraldr gilli vart drepen, og forteljingane om dråpet på Helgi Ås-
bjarnarson i Droplaugarsona s. og på horgrimr Lorsteinsson i Gisla s.
Surssonar108.
FOLKELEGE VANDREMOTIV OG TRUER
Då all direkte kunnskap om folketradisjon på Island i sogetida no herre
finst i litteratur, er det i røynda sers vanskeleg å skilja ut det forfattaren
har hatt frå munnlege kjelder, når desse kjeldene ikkje er serskilt opp-
gjevne i vedkomande litteraturverk. Det einaste vi kan slå fast med full
visse, er at dei litterære sogene jamt inneheld mykje emne som vi finn til-
svar til i oppteikningar av munnleg folketradisjon frå andre tider, eller at
j amføring med annan gamal litteratur viser at vi har å gjera med stoff
som har gått på lån eller vandring. Emne av dette slaget har vi ikkje
reint lite av også i B. Trass i den gjennomført litterære karakteren til
denne soga er ein hovuddel av sjølve reisverket i bygningen internasjonale
vandremotiv, som må ha breidd seg også utanfor litterær overlevering.
I soga vår finst dessutan sume motiv som fyrst i andre omgang er episke.
Det gjeld ålment utbreidde primitive førestellingar og truer som har fått
litterært nedslag i soga. Motiv av dette siste slaget er likevel så nøye
samanfløkte med dei episke vandremotiva at vi her drøftar alt under eitt.
(Om trua på likskap med morbrør sjå s. 148-149.)
Kolb'itr-typen. Dette er ein serskilt utbreidd motivkombinasjon, som
piar innehalda desse hovuddraga: Den vanvyrde heimealningen, ofte
yngste sonen, ligg fillut og fæl i gruva. Han er seint utvikla og vil ingen
ting taka seg til. Folk trur ikkje han duger til noko. Serleg er faren mis-
nøgd. Men ein vakker dag tek han seg saman* 1. Han dreg ut i verda,
men får dårleg utrusting med heimanfrå av far sin. Likevel utrettar han
108 Magn. s. blinda ok Haraids gilla kap. 16; Dropl. kap. 13; Gisi. kap. 16.
1 I i.-s. skjer dette oftare ved tolvårsalderen. Det kan ha samanheng med eit
eventyrmotiv (jfr. E. 61. Sveinsson: Verzeichnis isl. Marchenvar. type 301), men
kjem vel like gjerne av litterær tradisjon. I i.-s. er det sers vanleg at helten er
12 år når han gjer fyrste karsstykket sitt (V. Lachmann: Das Alter d. HarSarsaga
s. 118-119). Dette episke draget har og eit tilsvar i islandske samfunnstilhøve. Inn-
til 12 års alder vart ein person etter loven rekna for barn og juridisk utan ansvar,
men frå og med 12-årsalderen for vaksen (Gråg. Ia 6, 166, 168, 194).