Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 284
282
fysiske parallellismen, og kan henda har hatt eit konkret litterært føre-
bilete i ei gjerd av Hav. s. fsf.
Liksom forteljinga om O. feli og forteljinga om Osp. i to hovuddelar.
I fremre delen av soga kviler fråsegna om han på historisk overlevering
og litterære førebilete. Men når han dukkar fram att i kap. 12, er det
som han har fått ein annan dåm. Den fredlause mannen flakkar
omkring i øydemarkene. Dei gongene han viser seg for folk, er det i
mørkret, seint på kvelden eller tidleg på morgonen, og då støtt for å
hemna seg. Han drep folk og fe, men vert til slutt såra avgjerande med
ein kniv og døyr einsam i ei berghole. Jamvel om dei eigenlege islandske
„utiIegumannasogur“ tilhøyrer ei seinare tid7, kan det ikkje vera tvil om
at denne fråsegna om Osp. er i ætt med dei, slik Dehmer har haldi fram8.
I stemninga, det mystiske og uhyggelege, minner slutten av (3sp.-for-
teljinga likevel mest om attergangar- eller trollsoger9. Banking på
døra av uvette er t. d. omtala i Floamanna s. kap. 22, og i ei rad islandske
segner høyrer vi det same om attergangarar10. I Laxd. kap. 17 gjer atter-
gangaren Hrappr ulukke på folk og fe* 11, og slikt er fortalt i uteljande
fråsegner om alle slag uvette. Også i islandske fredlauseforteljingar frå
nyare tid kan motiv frå huldre- og trolletru vera innblanda12.
Kjensla av noko mystisk og umenneskeleg i samband med den fredlause
6sp. vert styrkt ved ymse serlege detaljar i fråsegna. Her kan ein fyrst
merka seg våpennemningane sax, skalm og kmfr. Til stålet har det jamt
knytt seg magiske førestellingar. Det tener til vern mot vonde makter og
trolldom13. Sax var ein mindre fornem sverdtype, som serleg høvde til å
stinga med14. Vi ser i B at sax og skalm vert nytta synonymt. Men ordet
skalm må ha hatt ein annan stemningsvalør. Skalm var visstnok opphavleg
nemning for eit tresverd. „Zusammensetzungen mit skalm werden als
veråchtliche Bezeichnungen eines schlechten Schwertes gebraucht“. „Die
7 E. 61. Sveinsson: Um isl. bjoSsogur s. 207.
8 Prim. Erz. s. 79-81; jfr. E. 61. Sveinsson i Nord. kult. IX 186.
“ „Das abendliche Klopfen, das Verbot hinauszugehen und das Toten des Viehs
konnte geradeso in einer Trollen- oder Wiedergångererzahlung stehen“ (Prim.
Erz. s. 80-81).
10 J. Arnason: Isl. JrjoSsogur I 254, 281, 283-284, 296.
11 Jfr. og J. Arnason: Isl. bjoSsogur I 375.
“ E. 6l. Sveinsson: Um isl. i>j63sogur s. 209.
13 Nord. kult. XIX 49; Feilberg: Ordbog (under stål). Her m. a. nemnt døme
på at stål vernar mot attergangarar.
14 Falk: Waffenkunde s. 13.