Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 286
284
ynsket, både det gode ynsket og våbøna. I seinare islandsk folketradisjon
vert den sagd vera „andheitur“, som hadde serskild makt til å utretta noko
med ynske19. Makta til det vonde ynsket kjem og fram i den store mengda
av „ålog“-forteljingar som vi finn i islandsk folketradisjon. Herm. er
den fyrste til å koma med eit vondt ynske (i K-t ein vond spådom). Men
Eg. parerer på ein effektiv måte. Når dette lukkast, heng det truleg
saman med to omstende. P. d. e. s. er Eg. på førehand sikra mot slike
våbøner gjennom ein spådom med vernande kraft. P. d. a. s. er den vå-
bøna, som Eg. svarar med, endå kraftigare forma enn Herm.s. Troli vert i
sogene oftare nemnde i forbanninga troil hafi -, som „bendir å einhverjar
illar verur, ekki nånar tilteknar“20. Verknaden av dette ordet må ha vori
sjokkerande. På det tyder reaksjonen til Styrm.: så segir sannast frå f)ér,
Egill, er verst segir M 6511-12, hann er allra manna verstr K 65 26_27,
og i M-t tillegget: ok pik kaliar prettottan. Prettr tyder vanleg „sviksamt
knep“, og prettottr „sviksam, full av vonde knep“. Men då dette er det
verste som vert sagt om Eg., ligg det nær å tru at tydinga her er noko
meir pregnant, noko slikt som „full av vonde kunster", d. e. kunster som
har samband med tro//-maktene. På denne bakgrunnen vil hendingane i
samband med Herm.s død vera lettare skjønlege. H. Dehmer har sett
fram ei fantasifull tolking av det som hende då Herm. kom framom
Valfell: Valfell har vori „dauingfjellet" til Borg-ætta, og dei som budde
i fjellet, greip inn for å verna ættingen sin21. Dette høver for så vidt
med den islandske førestellinga om „uppvakningar" eller „sendingar",
dauingar som dei trollkunnige kunne mana fram or grava og senda i veg
til å drepa22. I. Reichborn-Kjennerud held og fram at „de gamle med
troli først og fremst tenkte på de dødes sjeler"23. Men tolkinga av Valfell
som dauingfj ellet til Borg-folket er tvilsam alt av geografiske grunnar.
Vi veit ikkje med visse kvar Valfell låg, og frå Borg er det kring IY2 mil
nordover dit der dei næraste fjella tek til24. Sikkert er berre det at her er
troli på ferde. I den eldste tida vert ordet troil og brukt „um ovætti, sem
menn vekja upp". Seinare, i i.-s., er trolla jamt identifiserte med skræme-
19 J. Årnason: Isl. bjoSsogur I 375; Blondal: andheitur.
20 E. 6l. Sveinsson: Um isl. hjoSsogur s. 144. Der heiter det og: „bySir troil i
fornum kvæSum veru, sem er full af fjolkynngi og magni“.
21 Prim. Erz. s. 48.
22 N. Lid: Trolldom s. 12-13 med til vis.
29 Trolldomsmedisin I 57.
24 Helgafell på Snæfellsnes ligg tett ved garden med same namn.