Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 290
288
M-t enn med K-t. Det gjeld både litteraturverk som tykkjest vera nytta
av han som skreiv B, og litteraturverk som kan byggja på B. Dette let
seg serleg forklåra på to måtar:
For det fyrste kan det koma av at M-g er utforma i ei tid som ligg
nærare den tida då dei hine omtala litteraturverka vart til. Samsvaret
heng m. a. o. saman med at visse stil- og språkvanar som rådde grunnen i
ein viss historisk periode, har sett sitt merke på alle desse litteraturverka,
såleis og på M-g av B. Mange slag tilfelleleg detaljsamsvar kan sikkert
forklårast på denne måten.
Men for det andre kan og må det serleg store samsvaret mellom M-t
og ymse av dei hine litteraturverka forklårast ved beinveges litterær på-
verknad. I fleire høve kan samsvaret koma av at litterær påverknad på
den opphavlege soga no kjem klårast fram i M-g. Det gjeld sikrast om
Laxd., Borst. s. SiSu-Halls. og Qlk. ju, men truleg og Hav. s. fsf.,
Egl., stoff som finst i Mork. og Hkr., og Snorris serskilde Olavs-soge, kan
henda og Eyrb., Ljosv. og Sn.-Edda. I andre høve kan dette samsvaret
koma av at ein seinare forfattar har nytta ei tekst av B som har likna M-g.
Så sant det i det heile er tale om beinveges påverknad, gjeld dette Njål.
I Grett. og Hernings {>. Åslåkssonar er det vandare å ettervisa større lik-
skap med ei serskild gjerd.
Anten ein nyttar den eine eller den andre av dei to forklåringane på
det større samsvaret mellom M-t og andre litteraturverk, stør dei det synet
at M-g svarar best til den opphavlege soga. (Om sekundær litterær på-
verknad på M-g kan det vanskeleg vera tale, då likskapane med eldre soge-
verk der jamt er så intimt sameinte med den ålmenne sogestrukturen.)
2. Ettervisinga av folkelege vandremotiv i soga har interesse når ein
skal døma om kva slag samband det er mellom dei to gjerdene. Det er ei
velkjend sak at vandremotiv under overleveringsprosessen piar få ny ut-
forming og gå inn i mange slag nye samband og kombinasjonar med andre
motiv. Dette er grunnen til at fleire oppteikningar av eit visst tradisjons-
innhald i vår tid så jamt er det same som like mange versjonar av dette
tradisjonsinnhaldet. Dersom no dei to gjerdene av B representerte to ser-
skilde oppskrifter av eit tradisjonsinnhald som hadde vorti ulikt gjennom
munnleg tradering, burde ein på førehand venta at denne skilnaden viste
seg på same måten som i annan munnleg tradisjon, d. v. s. ved at vandre-
motiva hadde fått ulik utforming og var gjengne over i nye motivkom-
binasjonar.
Jamfører vi no dei to gjerdene med omsyn til dei påviste folkelege