Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 293
291
er vel kjent med lokalitetar vestanfor HrutafjgrSr. Dette kan høva på
folk som budde austanfor MiSfjgrSr. Den litt unøgne ordlegginga i kap.
12, der det heiter ferr ut til Hvammsleidar ok atlar til Borgar M 714 5
(jfr. s. 102f), kan høva med at han som skreiv, heldt til noko langt borte,
t. d. på Nord-Island. Etter alt dette skulle då soga vera skriven ein stad
nordpå mellom MiSfjgrSr og EyjafjgrSr; og då hovudinteressa i soga
serleg knyter seg til hendingar nær den vestlege delen av dette omkvervet
(bortsett frå det som skjer på Alltinget), er det rimeleg at skrivarstaden
har vori der.
Trua på dette får og stønad av andre grunnar. G. Jonsson seier:
„ESlilegast er a3 gera råS fyrir J)vi, a3 munnmælin um Odd og Ospak
hafi varSveitzt bezt {jar nyrSra i åtthogum Jieirra og sagan sé rituS i
Hunavatnsfungi. StaShåttum er }iar alls staSar rétt lyst, Jrott hvergi sé
beim lyst mjog ytarlega"4. Vi har dessutan sett at han som skreiv soga,
har hatt tilgjenge til ein rik litteratur. Han må ha haldi til på eller nær
ein stad der det fanst store boksamlingar (etter den tids tilhøve) og rike
litterære tradisjonar, lærde og folkelege. Sogeskrivaren har samstundes
vori ein mann som stelte seg kritisk til det verdslege hovdingstandet og
også i ein viss opposisjon til den litteraturen som serleg kasta helteglans
over dette standet. Han har vori ein mann med si tids høgste litterære
daning, men har truleg sjølv stått utanfor det hovdingstandet han gjorde
åtak på. Det tykkjest ikkje umogeleg at han har vori ein kyrkjemann.
Med dette høver og det bibelske biletbruket uxi eSa asni. I det tidsromet
då soga vår vart skriven, var det dessutan ei sterk spaning mellom dei
verdslege og kyrkjelege makthavarane på Island. Dette kan gjeva bak-
grunn for den hovdingfiendslege tendensen.
Etter dette lyt ein reint sjølvgjevi koma til å tenkja at skrivarstaden
har vori ved eit av hovudsentra for islandsk sogeskriving, det kjende
klosteret på Pingeyrar, anten i klosteret eller i nærleiken. Rett nok tvilar
S. Nordal på at nokor soge vart skriven der etter Snorris tid5. Men
Nordal sjølv kan tenkja seg unnatak for Vatnsd. Det skulle ikkje vera
urimeleg å setja B i same båsen, så mykje meir som B og Vatnsd. har
viktige drag sams når det gjeld stilkunsten. Båe desse sogene blandar opp
den folkelege stilen med lærde drag. Nordal held fram at „Snorris kritik
var særlig gaaet ud over de legendariske sagaer fra f>ingeyrar“. Snorri er
4 ff. VII s. xci.
5 Nord. kult. VIII :B s. 254.
19*