Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 296
294
Når det gjeld innhaldet, har vi kan henda eit feste i det som vert sagt
om at O. mundi eigi minna fé eiga en peer kirkjur, er audgastar varu hér
d landi 621"23. I M-t heiter det derimot at O. ikkje åtte mindre enn
prir peir, er auSgastir varu 66~7. Medan forma i M-g skriv seg frå ei tid
då verdslege hovdingar ruvde sterkt når det galdt rikdom og makt, slik
som midt i det 13. h.å., tykkjest kyrkjene ha hatt serskilt stort ord for
rikdom den tida K-g vart utforma. Dette kan høve på det islandske sam-
funnslivet etter semja i „sta3amåls“-striden 1297. Frå den tida av fekk
kyrkja så å seia fritt vald over storparten av eignene til dei einskilde
kyrkjestadene og voks jamt i rikdom, slik at ho ved reformasjonstida åtte
kring halvparten av all jord i landet. Uvanleg rike soknekyrkjer var t. d.
GrenjaSarstaSr og MelstaSr i Holar bispedøme og Oddi i Skålholts bispe-
døme1. Jamføringa av O.s rikdom med dei rikaste kyrkjene skulle difor
høva serleg godt på 1300- og 1400-talet2. — Tidlegare (s. 25) er vist at
K’s skreid 427 må vera avlaging for skip. Ei slik mistyding av førelaget
kunne lettast gå føre seg i ei tid då islendingane var vane med skrei-eksport.
Men det kunne dei ikkje vera før fram mot midten av 1300-talet3. — Å
tenkja seg K-g utforma relativt seint høver og godt med den skorten på
kunnskap om fristatslovene som utf. av K-g legg for dagen. Som påpeika
nyttar han utlagi i ei tyding som ikkje høyrer heime i Gråg. (s. 58—59),
skjønar ikkje at sjdlfdcemi er ei form for sått (s. 89), tykkjest tru at lei8
kunne haldast om våren (s. 102), og let sakførsla mot (5sp. verta reift
utanfor tinget på garden BpSvarsholar (s. 106). Juridisk fåkunne av likn-
ande slag finst og i Njål. og vert i samband med den soga vanleg teken til
inntekt for datering etter fristatstida4.
Når det gjeld datering ved hjelp av språket, står ein andsynes den
vansken at det lyt vera uklårt kor mykje ein skal rekna for reint uvil-
kårlege målbrigde j amvel av ein skrivar som elles skreiv av nøye og
mekanisk, og kor mykje ein skal tenkja seg at ein slik skrivar måtte ha
1 Jfr. P. E. 6lason: Saga fslendinga IV lf; A. Sigurjonsson: fslendingasaga
s. 134-138.
2 Jfr. utg. 1874 s. vn; Maurer i Germania XIX 448.
3 Jfr. I\ Johannesson i Vaka II s. 38—42. Der vert rett nok sagt at vi har opp-
lysning om islandsk utførsle av skrei alt i den tida det er tale om her i B (11. h.å.).
Men det har ikkje anna grunnlag i i.-s. enn denne eine staden i K-t av B. Dei
stadene i Gråg. og Sturlunga som I5. Johannesson viser til, fortel heller ingen ting
om islandsk skrei-eksport.
* Såleis Lehmann: Die Njålssage s. 137-138, og i Tidsskr. f. Retsvidenskab 1905,
s. 184, 191; E. 61. Sveinsson i ff. XII s. lxxvi-lxxxi.