Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Blaðsíða 106
98
tale preikelitteraturen på latin av den einfelte grunnen at desse latins-
ke preikene alle refererer til steinkyrkjer, medan vår preike kommen-
terer ei stavbygd kyrkje av tre. Kyrkja i preika vår har ei rad viktige
bygningsdelar som ikkje har noko spesifikt tilsvar i steinkyrkjer: syllu-
stokkar, hornstafar, staflægjur, veggpiljur. Sjølve den disposisjonen for
preika som eit slikt stavbygd hus førte med seg, måtte tvinga forfatta-
ren til å gå eklektisk til verks, om han ville leita etter analogiar i
framand arkitektur-symbolikk. Vi kan då stutt slå fast at idéen til slik
symbolsk tolking av kyrkjehuset er henta utanfrå, og er gammalt kyrk-
jeleg arvegods, men at den konkrete utforminga av idéen lyt ha komi
frå ein forfattar som har høyrt til i eit område der ein hadde stavbygde
trekyrkjer. Det vil fyrst og fremst seia i Noreg og på Island9.
Andre problemstillinga: Norsk eller islandsk?
Når det gjeld den andre problemstillinga, norsk contra islandsk, står
det ikkje til å nekta at argumentasjonen stundom har bori preg av
nasjonalistiske undertonar. Men eg vonar at framstillinga i det fylgjan-
de skal kunna gjera det endå klårare enn før kor misforstått det er å
møta desse spørsmåla med ei slik innstilling.
Ikkje minst på norsk side har det vori ein tendens til å dra forhasta
slutningar på grunnlag av det arkitektoniske. Sjølve nemninga “Stav-
kyrkjepreika”, som ikkje har direkte grunnlag i dei overleverte tekste-
ne, har freista til mistyding, med di nemninga har lokka fram førestil-
linga om den klassiske norske stavkyrkja, med hennar særmerkte eks-
teriør. Men den islandske bygningsarkeologen Hordur Ågustsson har
med rette lagt vekt på det tilhøvet at preikaren heile tida ser kyrkja frå
innsida. Og “islensk torfkirkja er framar ollu timburhus, sem Jjakid
er torfi”. Trehuset er bygd fyrst, og torweggene deretter oppsette for seg
utånfor trekonstruksjonen10. Matthias Pordarson seier om dei islands-
ke mellomalderkyrkjene: “Alle kirker byggedes af træ; flere af de
mindre dog, som landets bygninger for øvrigt, delvis af græstørv, for
de ydre sidevægges og undertiden tillige korgavlens samt den yderste
tagbeklædnings vedkommende”* 11. Ifylgje Magnus Mår Lårusson var
9 Jfr. Korsli 1976.
10 Ågustsson 1974, s. 67, med illustrasjon s. 66.
11 PdrSarson 1934, s. 289.