Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Blaðsíða 110
102
Med “relevante variantar” meiner eg variantar av slikt slag at dei
normalt kunne gå i arv frå avskrift til avskrift. Ikkje alle ulikskapar
mellom desse tekstene er av det slaget. Variantar som normalt ikkje
hadde noko å seia for stamtavla til tekstene (stemma), kan ein kalla
“redundante variantar”.
For folk som steller med tekstoverlevering i håndskrifter, er det ein
velkjend ting at ein avskrivar meir eller mindre kunne setja sitt eige
stempel på avskrifta. Fyrst og fremst ser vi at ein avskrivar kan gjeva
avskrifta preg av si eiga normale målform. Dette er og særs tydeleg i
vårt tilfelle. To av tekstene er på svært alderdomleg islandsk, ei på
svært alderdomleg norsk, og den fjerde på islandsk mål frå seinmel-
lomalderen.
Når eg skulle velja ut “relevante variantar”, har eg difor normalt
sett bort frå ulikskapar mellom tekstene som kjem av språkgeografis-
ke eller språkhistoriske tilhøve, og også frå andre variantar som ein
skrivar lett ville kunna laga til uavhengig av førelaget.
Eg har då sett bort ifrå fylgjande skifte i ortografien: Endingsvoka-
lane ile og u/o, verbalformene skulu/skolo, ordbyrjing på hl, hn, hr
mot l, n, r, privativprefiks uld, partikkel- og verbalformene esler,
vas/var, preposisjonsformene fyrlfyrir, of/um, yr/or, pronominalvari-
antane pessar!pessarar, artikkelvariantane en/hinn, konjunksjonsvari-
antane an/en. Eg har og til vanleg sett bort frå andre skilnader i
stavemåte inne i orda. Tekstene B og C har namneforma “Salomon”,
D har “Salamon”. A, C, D (dei islandske tekstene) brukar ordforma
musteri, medan B har mysteri. Desse skilnadene er ikkje registrerte.
NB: Sitata frå tekstutgåvene er overførte til ordinær normalisert
norrøn ortografi, både av di ein då får med berre slikt som er viktig i
vår samanheng, og samstundes av di det er meir praktisk. Tilvisingsta-
la gjeld utgåva i Kolsruds Messuskyringar.
Eg har freista å få med alle variantar av fylgjande slag:
1) Skort i ei tekst på eitt eller fleire ord som står i dei tekstene det
vert jamført med.
2) Nærvære i ei tekst av eitt eller fleire ord som ikkje står i dei
tekstene det vert jamført med.
3) Utbyting av eitt eller fleire ord eller av ein ordleggingsmåte med
ein tilsvarande variant i dei tekstene det vert jamført med.
4) Ulik rekkjefylgje av same orda i dei jamførte tekstene.
5) Avvik med omsyn til kasus, tal, ubunden eller bunden form av