Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Blaðsíða 119
111
fylgjer, som vi har sett, opphavsteksta etter måten nøye. A har berre
ein stad eit mogeleg tillegg (1013, 12, 21 • 29 medan vér lifum), og pluss-
stadene i B er einast småord. Dette kan tala mot å tru at AB her
inneheld eit omfangsrikt innskot. Lettare synest det vera å tenkja seg
eit oversprang i ei særskild opphavstekst til CD-klassa.
924’ 13, 21 ’ 30 Her les vi at Kristus AB samtengir tvinnan lyd\ CD
samtengdi tvinnan lyd i ei tru. På denne staden er det mest logisk å
bruka presens, av di Kristus ikkje berre ein gong i tida, men i fylgje
analogien med brjostpili i kyrkjehuset, som held saman veggene, heile
tida sameiner jødar og kristne i trua på den same Gud. Forma sam-
tengdi i CD er her kan henda ei føregriping av preteritum av same
verbet litt lengre bak i teksta (933-4, 12, 21 ’ 30), der det same er sagt om
Kristus. På denne siste staden er bruk av preteritum heilt naturleg,
med di vi her har ei tilbakevising til det som er sagt om Kristus fyrste
gongen.
947’ 16, 25 , 34 AB åsar ok staflægjur] CD staflægjur ok åsar. I alle fire
tekstene står det at desse held saman rgptum ok veggpiljum. Nøye sett
er det åsar som ber raptar, og staflægjur som held saman veggpiljur. I
AB er det då parallell rekkjefylgje mellom åsar ok staflægjur og
rgptum ok veggpiljum, medan CD ikkje har parallellitet.
955-6, 14'15, 23' 31-32 AB munklif ok helga stadi] CD heilug munklif. I
AB les vi at verdslege hovdingar styrkjer kloster og kyrkjer (helga
stadi) med rike gåver. I CD er lekken “kyrkjer” truleg utfallen, for
verdslege stormenn gav som kjent gåver ikkje mindre til kyrkjer enn
til kloster. Lesinga til CD ser ut som eit samandrag av dei to lekkane i
AB. Adjektivet helga frå andre lekken er sett framføre munklif i fyrste
lekken.
Eit døme på at AB-gruppa kan ha hatt det opphavlege på ein stad
der denne gruppa no berre er representert ved B, er B 8711 fylgja
pj 6 nus tu kennimanns mot CD 8722, 33 fy lla p. k.21
27 Denne lesemåten i B kan stø seg til ein stad i Gregors Dialogar: Quis enim fidelium
habere dubium possit ipsa immolationis hora ad sacerdotis uocem caelos aperiri, in illo
Ihesu Christi mysterio angelorum choros adesse, summis ima sociari, lerram caelestibus
iungi, unum quid ex visibilibus atque invisibilibus fieri? (Vogiié 1980, s. 202). - Same
tanken finn ein att i Erkebiskop Arnes Statut (frå tida 1346-1349): Er pet oc alla manna
cristinna piodar obrigdhelig tru at medhan gudz likame helghaz uphelz oc næytiz i heil-
aghe messo med kraft gudligha ordha oc prestins embeti. pa lykkiz upp himpnanir. oc
gudz englar fara ofwan at luta oc nigha sinum haleita scapare. swa at par kemir pa saman