Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Síða 104
In dedicatione ecclesiæ sermo
Om overleveringa av “Stavkyrkjepreika”
Av Hallvard Magerøy
Overleverte tekster
A i AM 237 a, fol. - 1150-1200 - perg., isl., fragment
B i AM 619, 4to - ca. 1200 - perg., Den gammalnorske homilieboka
C i Kgl. bibl. Sthm. Perg. 4° nr. 15 - ca. 1200 - Den islandske homi-
lieboka
D i AM 624, 4to - 1450-1500 - perg., isl.
Alle fire tekstene er prenta i Oluf Kolsrud: Messuskyringar (Oslo
1952)1. Tekstene står der ordna parallelt på kvar side i rekkjefylgja A-
B-C-D ovanfrå2. Heile preika, B-teksta, er i Messuskyringar på 212
1 Dei viktigaste eldre utgåvene av desse tekstene er for A Porvaldur Bjarnarson:
Leifar fornra kristinna fræSa fslenzkra (Kbh. 1878), for B Gustav Indrebø: Gamal norsk
homiliebok (Oslo 1931), for C Th. Wisén: Homiliu-Bok (Lund 1872). Den nyaste
utgåva av Den islandske homilieboka er Andrea van Arkel-de Leeuw van Weenen: The
m'anuscript Sthm. Perg. 15 4°. A diplomatic edition and introduction (Utrecht 1977).
[Dupi.] - Om andre utgåver jfr. Bekker-Nielsen 1969, s. 128, merknadene 3-6, Bekker-
Nielsen 1977, s. 93, merkn. 1.
2 Eg takkar Det Arnamagnæanske Institut i København for hjelp med å skaffa kopiar
av originalane til A- og D-tekstene. Eg har kollasjonert Kolsruds tekster i Messuskyring-
ar med dei. B-teksta hjå Kolsrud er kollasjonert med fotoutgåva i Corpus Codicum
Norvegicorum, Quarto Series I (1952), og C-teksta hjå Kolsrud med Corpus Codicum
Islandicorum VIII (1935). Lindblad 1976, s. 29 ff., viste, delvis med grunnlag i notat
etterlatne av L. Larsson, at det truleg i 1880-åra har vori retta i originalteksta til Den
islandske homilieboka ymse stader. Lindblads opplysningar (Lindblad 1976, s. 36, nr. 54
og 55) fører til 2 rettingar i Kolsruds tekst her: S. 10120 upphallda > upphalda, 10122
ofvipre > ofvepre. - I Messuskyringar er latinske symbol for småorda vel og et oppløyste
med dei latinske orda. Eg har derimot, liksom Indrebø 1931, gjevi att desse symbola
med dei norrøne ekvivalentane eda og ok. - Sitat frå preika i denne artikkelen vik
stundom av frå Kolsruds lesing utan at det er særskilt påpeika kvar gong.