Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Síða 105
97
liner (på sidene 85-107). A-teksta vantar fyrste og siste delen av prei-
ka, tek til s. 902 med orda tru rétta, og sluttar s. 1046 med orda oc
misse. Det som er att av A-teksta, dekkjer 130 liner.
Om tekstene til denne kjende preika har det vori skrivi så mykje i
over 100 år at vi ikkje kan taka opp plass med å rekna det opp her.
God orientering om eldre gransking gjev Hans Bekker-Nielsen i Bek-
ker-Nielsen 19693 og 19774.
Diskusjonen i tilknyting til preika har krinsa kring tre problemstil-
lingar:
1. Er dette omsetjing av ei framand opphavstekst på latin, eller er
preika originalt norrøn?
2. Har den eldste norrøne forminga av denne preika vori norsk eller
islandsk?
3. Kva for ei av dei overleverte tekstene liknar mest på den opphavle-
ge norrøne forminga?
Fyrste problemstillinga: Norrønt eller europeisk?
Det har etter kvart vorti framdregi ei rad parallellar til detaljar i
denne preika innan eldre, samtidig og yngre mellomalderlitteratur på
latin, særleg av Vråtny5, Paasche6, Turville-Petre og Gunnes7. Noko
særskilt latinsk hovudgrunnlag har ein likevel ikkje vori i stand til å
påvisa, og Bekker-Nielsen gjev ord for tvil på nytten av å Ieita etter eit
slikt hovudgrunnlag8. Han held fram at symbolteologien, og ikkje
minst arkitektonisk symbolikk, var særskilt mykje dyrka på 1100-talet,
og at ein norrøn forfattar som var fortruleg med denne teologien,
“forholdsvis nemt” kunne forfatta ei slik preike som den vi har overle-
vert.
Til dette er herre å leggja til at det sjølvsagt er utenkjeleg at ein skal
kunna finna eit heilt nøye førebilete for denne preika i den kontinen-
3 Bekker-Nielsen 1969, s. 127-134.
4 Bekker-Nielsen 1977, s. 93-99.
5 Vråtny 1913, s. 175; 1916, s. 33.
6 Paasche 1924, s. 282; 1935, s. 16-17; 1957, s. 305.
7 Turville-Petre 1949, s. 206-213; 1972, s. 79-93, med Postscript s. 100-101. - Gunnes
1971, s. 12-14, 175-176.
8 Bekker-Nielsen 1967, s. 131; 1977, s. 96-97; jfr. og Bekker-Nielsen 1961, s. 12.
7 Opuscula VIII