Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Page 109
101
lieboka, som kom i 1952, nemner Knudsen Kolsruds Messuskyringar,
som var utkomen tidlegare same året. Knudsen er merksam på at ein
no hadde fått å gjera med ei islandsk tekst til, og han gjev den litt
diffuse opplysninga at denne teksta “står den norske (d.e. B) nær”22.
Knudsen tok seg likevel ikkje tid til å gjennomføra ein systematisk
analyse av variantane i desse tekstene. Slutningane hans byggjer på
tekstdøme som er utvalde etter skjøn.
I meldinga si av Messuskyringar i Skfrnir 1952 seier Magnus Mår
Lårusson at det er “algild regia” at teksta av Stavkyrkjepreika i Den
islandske homilieboka står aleine mot dei tre andre tekstene23. Som vi
snart skal sjå, er dette eit mistak. Det er grunn til å tru at M. M.
Lårusson har mistolka den nemnde opplysninga om AM 624, 4to hjå
Trygve Knudsen i hans innleiing til utgåva av Den gammalnorske
homilieboka av 1952. M. M. Lårusson seier vidare at Den islandske
homilieboka til dels har betre lesemåtar enn dei hine tre tekstene, og
nemner særskilt to døme som skal visa det. Han set og fram den
tanken at teksta i Den islandske homilieboka representerer ei eldre
forming (gerd) av preika, medan dei tre andre tekstene har ei yngre og
omarbeidd forming24.
Trygve Knudsen tok føre seg denne preika att i “Skrifttradisjon og
litteraturmål” 1967. Om teksta i AM 624, 4to seier han her berre at
ho er “av mindre teksthistorisk interesse”25. Elles er denne artikkelen
ei vidareføring av det synet på tekstene som han hadde målbori i
Pipping-festskriftet.
Det må kallast eit grunnleggjande krav til all filologisk tekstgrans-
king som gjer seg von om å nå fram til pålitande resultat, at ein skaffar
seg kjennskap til heile overleveringa, til alle tilgjengelege tekster.
Berre når det kan visast at ei tekst ættar frå ei onnor kjend tekst, kan
ein sjå bort frå henne i diskusjonen av opphavsteksta. Når det gjeld
preika vår, vert det då naudsynleg å studera alle fire tekstene systema-
tisk. Og denne preika er ikkje lengre enn at ein kan setja seg som mål
å få med i rekninga alle relevante variantar.
22 Knudsen 1952, s. 27.
23 Lårusson 1952, s. 242.
24 Lårusson 1952, s. 242-243.
25 Knudsen 1967, s. 61.