Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1985, Blaðsíða 120
112
Desse punkta, der AB ser ut til å gjeva betre meining, medan C og
D står saman om ei lesing som truleg er sekundær, skulle tyda på at det
har eksistert ein særleg mellomlekk mellom X og CD, z, som har
innført dei sekundære lesemåtane.
2) Moment som talar til føremon for lesinga i CD
Dei momenta som kan påpeikast her, har mindre vekt enn dei mo-
menta som kan tala for lesinga i AB.
953,12, 21 ’ 29-30 AB peim trjåm] CD dvergum. I dette tilfellet har CD
ein teknisk term, medan AB i staden har ei meir upresis omskriving.
Termen dvergur om ein slik ståande bjelke er framleis fullt levande i
islandsk. Men også norske målføre har så klåre leivningar av dette
bruket av ordet at det må reknast for utvilsamt at ordet har eksistert i
gammalnorsk med denne tydinga28. Lesemåten peim trjåm kunne då
vera innkomen i ei særleg sams opphavstekst til A og B, innsett av ein
skrivar som ikkje var i stand til å lesa ordet dvergum i førelaget sitt, av
di ordet t.d. var utydeleg. Eller så kunne han ha laga om teksta med
vilje av di han ikkje var van med denne tekniske termen. Men like
nærliggjande er det truleg at ein islandsk skrivar har ført inn denne
termen, som han var fortruleg med.
Eit par stader har CD ein velkjend stilfigur (hyperbaton, jamvekts-
stilling), medan figuren ikkje finst her i AB:
himpnesk oc iardligh skepna med altre ædmyukt oc glædhi oc fullum fagnadhe al piona
sinum oc varom sannom gudi - (NgL IR III, s. 29913'18). - For desse tilvisingane til
Gregors Dialogar og Erkebiskop Arnes Statut kan eg takka professor Erik Gunnes. -
Professor Ludvig Holm-Olsen har dessutan gjort meg merksam på eit brev av Alcuin frå
tida kring 800 til munkane i Wearmouth-klosteret (i Sunderland i Durham, England),
der vi møter førestellinga om englars nærvære også når tidebønene vert sungne: Sed et
angelorum visitationes loca sancta frequentare non dubium est. Fertur enim magistrum
nostrum et vestrum patronum beatum dixisse Baedam: “Scio angelos visitare canonicas
horas et congregationes fraternas —" (Diimmler 1895, s. 443). - P.d.a.s. lyt ein vedgå at
varianten fylla pjonustu og kan gje god meining, svarande til lat. implere ministerium.
Slik i omsetjinga av Gregor den stores utgreiing om englane i Den islandske homiliebo-
ka: En pat es vist vitanda of pa (sc. engla) er sender ero at peir fylla hina ytre piånosto. oc
coma til vår. Lat.: Sed hoc quoque de ipsis agminibus quæ mittuntur certum tenemus,
quia et cum ad nos veniunt, sic exterius implent ministerium. Sjå Frederiksen 1979, s. 89-
90.
28 Jfr. Aasen 1918: Dverg 3; Norsk ordbok II: dverg 4; jfr. og Knudsen 1949, s. 34.