Nordens Aarbog - 01.06.1920, Blaðsíða 145
DANSK OG SVENSK I NORSK HISTORIE
kongen (Kon ungr) vinne rike sitt i Danmark; det er ikkje
urimeleg at den fyrste som vi veit um har bore kongsnamn i
Noreg, Gudröd Veidekonge pá Vestfold i fyrstninga pá 8oo-tale,
har lánt tittelen — og dermed noko av sjölve kongstanken —
frá dei danske herrane. For eit par ár sidan freista eg syne at
sume av dei finaste kongs- og hovdingnamna i Noreg, Gudröd,
Halvdan og Harald, har kome i bruk etter dansk mynster. Det
var Danmark som gav tonen i norderlanda. Mále vart kalla
>:>dansk tunge». Skalden Torbjörn Hornklove nemner til ære for
Harald Hárfagre, at han var so byrg han tok »dansk kone» og
vraka báde holmrygske, hordalandske, heidmarkske og hálöygske
möyar. Ettermannen til Harald, Eirik Blodöks, gifte seg like
eins dansk, — med den namngjetne dronning Gunnhild, dotter
til Gorm den gamle. I det siste arbeide som Ebbe Hertzberg
skreiv, peikte han pá at den no'rske landverje-skipnaden (lei-
dangen) — den viktigaste stats-institusjonen i det gamle Noreg —
vart sett upp etter dansk mynster og venteleg aller fyrst i Vika
under det danske velde der. Sophus Bugge meinte at edda-
kvæde um Helge Hundingsbane bygde pá dansk dikting i slutten
av vikingtida. Det er fullt med trádar som förer frá Danmark
yver til Noreg i sjölve den store kultur-grunnlegginga, og ser-
skilt i den politiske framgangen hadde Danmark ein god fyre-
mun, so det kunde være læremeister for Noreg.
Likevel er det ein annan ting som visst var hovudsaka for
B. A. Munch, nár han tenkte pá verknaden av danevelde for
Noreg. Ein skal bite merke i orda hans: berre »under stadig
Kamp med Danevældet» var det at Noreg vann fram til sjölv-
stende. Just denne striden var det som egga fram den norske
nasjonaltanken. Det er noko som vi vél kjenner til frá andre
land ög, — at nasjonalkjensla fyrst og fremst stig fram i mot-
setninga til eit framandt folk som ein má sláss med. Og vi
kann tydeleg fylgje denne voksteren i Noreg.
Endá i det fyrste hundraáre etter Harald Hárfagre merkar
vi ingen ting til ein nasjonal tanke, korkje i politikk eller i ánds-
liv. Ikkje ein skimt av nasjonalbyrgskap hjá skaldane, ikkje
minste eving hjá hovdingane mot á gá under utalands herrar.
Under Olav den Heilage merkar vi at det tek til á bli annleis;
um endá mange hovdingar lettvint gár i framand teneste, so er
det andre som kvier imot. Og dá framandvelde kjem etter
139