Nordens Aarbog - 01.06.1920, Blaðsíða 151
DANSK OG SVENSK I NORSK HISTORIE
lensherrar og futar, danske lagmenner og skrivarar, danske pre-
star og bispar, med dansk mál i lovgjeving, i kyrkje og skule^
med dansk formgjeving till folkenamn, bynamn og gardsnamn,
— dá vekte alt dette lite eller inkje motstand i Noreg. Den
mothugen som var i fyrstninga, dovna burt heller snart, og Nor-
mennene let seg gjerne kalle Danskar. Den striden som likevel
fyllte dansketida, hadde ingen klár nasjonal vilje i seg, um han
so förde til eit nasjonalt mál. Det som levde av norsk nasjonal-
kjensle, heldt seg uppe ikkje i motsetninga til Danmark, men i
motsetninga til Sverike. I svenskekrigane var det at Normen-
nene fekk sans for fedrelande sitt. Og dá den danske kongen
i 1814 vart nöydd til á avhende Noreg til den svenske, dá vart
det av seg sjölv samlingsrope i lande: vi vil ikkje være svenske!
Unionen med Sverike kom no i stand likevel. Det lukkas
for Normennene á fá alle dei rettlege formene slik at lande kunde
stá heilt sjölvstendigt — pá papire. I röynda fekk Sverike yver-
take pá ymse umráde og serskilt i all utariksstyringa. Etter
kvart som so Normennene voks i nasjonal styrke, — etter kvart
som folke reiste seg til makt i lande og vilde legge all styring
under seg, — vart det strid med Sverike; formále vart á sette
igjenom i live det som i 1814 var sett igjenom pá papire. Og
denne striden egga fram den norske nasjonalkjensla sterkare og
sterkare. Ja, han kunde dekke yver indre motsetningar og fremme
ei norsk folkesamling pá demokratisk grunn.
Men det var ein stor skilnad pá det svenske og det danske
spursmále i Noreg. Striden mot Sverike kunde aldri pá same
máten bli eit indre spursmál som striden mot danskdomen.
Det er nok so at det laga seg parti i Noreg pá svenskespursmále
ög; högre og vinstre kom til á stá hardt imot einannan i unionspoli-
tikken. Men det var ikkje for di det eine partie var meir svenskpáver-
ka enn det andre. Sanninga er at svensk kultur mest ikkje sette noko
merke etter seg i Noreg; han var i stor mun reint framand for
folke várt. I unionsspursmále bygde báe partia pá sjölvstende-
tanken, og dei berre skildes i mátar og meiningar- Det synte
seg dá óg med det same unionen var sprengd; han leivde ikkje
noko spursmál etter seg i norsk samfunds- eller ándsliv. Vi som
var med den gongen unionsstriden stod som heitast, — og det
er dá ikkje so mange ára sidan, — vi lyt no titt med undring
sjá kor han liksom er heilt sletta ut or tankane hjá dei yngre
HS
IO—200856