Nordens Aarbog - 01.06.1920, Blaðsíða 149
DANSK OG SVKNSK 1 NORSK HISTORIK
den historiske tanken og for framgangsarbeide, det er den nye
samfundsklassa som voks fram i dansketida her i lande, — bor-
garklassa, by-samfunde. Her má ein pá den eine sida 'vedgá at
det var ein stor vinning for det nasjonale sjölvstende, dá han-
delen vár kom laus av det tyske hanse-velde, og ei heimleg
borgarklasse fekk rom og rotfeste i lande. Og denne borgar-
klassa er sjölvsagt for alle tider ein viktig led i det norske sam-
funde. Pá den andre sida egga by-voksteren fram ei djup mot-
setning innafor samfunde várt; striden mellom by og land, mel-
lom borgar og bonde er den bittraste striden i historia vár, den
fárlegaste for framvoksteren vár. Og denne striden har fátt
nasjonal farge, for di borgarklassa sterkast av alle bér uppe arv
og minne frá dansketida.
Ein kann ikkje godt segje at den' norske borgarklassa vart
so bunden til danske kulturformer, for di Noreg pá den tida
stod under dansk styre; det var ikkje regjeringa som skapte
borgarklassa. Og um so ein god part av. borgarane var ætta ifrá
Danmark og Nord-Tyskland, kanskje aller mest ifrá Slesvig-
Holsten, so synes det dá etter dei nyaste granskingane være
fullvisst at fleirtale hadde ætt-rota si i Noreg. Den historiske
forkláringa er difor ikkje so endefram som mange fyrr har tenkt.
Kanskje ein kjem sanninga nærast, um ein segjer at dansk kultur
fra ióde til i8de hundraáre hadde so sterkt eit yvertak yver den
norske, so ny-vokster i Noreg av seg sjölv vart dregen inn under
den danske kulturen, — styringsmakt og innflutning hjelpte til.
Men skal ein heilt fá tak pá kva som ligg i slik ei forkláring,
trengs det endá mykje gransking.
Og vansken for notida er den: Har den norske borgarklassa
i sanning historisk rot i dansk kultur, dá er det korkje rett eller
rád á slite ho upp og freiste flytte ho yver i ny grunn. Sjölv
har ho likso lite makt til á forme heile landsens kultur i sitt bi-
lete. Og so kann det mest sjá ut som um det ikkje blir anna
val, enn á la ei nasjonal motsetning bli stáande fram-etter i den
norske historia.
Det som flöker spursmále endá meir i hop, men som kanskje
likevel til slutt skal löyse floken, det er den sprengningsmakta
som borgarklassa har född innafor seg sjölv, — den nye arbeidar-
reisinga. Ökonomisk og ándeleg har arbeidarklassa rot i borgar-
klassa; ho er eit nytt by-samfund i lande. Men samstundes er
M3