Nordens Aarbog - 01.06.1920, Page 144
HALVDAN KOiri’
i fulle tri hundra ár. Sviavelde ság han »formedelst sin avsides
Beliggenhed spillede en mindre iöjnefaldende Rolle». Og Noregs-
velde — ja, det greidde »kun efterhaanden og under stadig Kamp
med Danevældet» á ná fram jamsis med dei to andre, so det til
slutt vart tri sjölvstendige rike her nord.
I hovudsyne er dette rett. Danane hadde förarskapen i
vikingferdene mot dei frankiske rika og England, so dei mátte
fá fremste rome i utalands tanke og historie. Og Danmark var
det fyrste av nordlanda som samla seg til eitt rike; ja, det kunde
före landvinningspolitikk og stundom-til legge under seg báde
Noreg og England, — Knut den Mektige var den fyrste i san-
ning europeiske kongen her nord.
Men Noreg? Ikkje vart det samla under ein konge fyre
slutten av 9de hundraáre, og ikkje kunde det halde seg samla
heile tida frametter heller. Det var ikkje alltid sjölvstendigt dess-
meir: Báde kong Harald Gráfeld og Hákon Lad-jarl, herrane yver
Vest- og Nord-Noreg i dei siste fyrti ára av iode hundraáre,
rekna danekongen for yverherren sin, og pá Austlande rádde
lenge Harald Blátann beinvegjes, han som etter run-innskrifta
»vann heile Danmark og Noreg». Etter ár ioou stod Noreg pá
nytt i femtan ár under jarlar som lydde under framande kongar,
den danske og den svenske. Og frá 1028 var Knut den Mek-
tige herre yver Noreg i sju ár. Det er god rád til á tale um
danevelde i denne gamle norske historia.
Endá har seinare granskingar synt oss meir av dansk makt
og innverknad i Noreg enn P. A. Munch visste um. Han meinte
han hadde prova at dei norske Yngling-kongane frá Vestfold
hadde eit sterkt lite viking-rike i Sör-Jylland i minst hundra ár
(frá 770-ára til um-lag 880). Gustav Storm tok til med á av-
grense denna tida til sytti ár, men slutta med á gje upp heile
teorien, og alle andre norske granskarar har gjort like eins. I
staden har svenske granskarar, den eine etter den andre, gissa
pá at sjölve Yngling-kongane i röynda var ei dansk ætt. Det
har no dei norske ikkje vilt gá med pá. Men det som alle no
er samde um, det er at danske kongar var herrar pá Vestfold
og kanskje vidáre ikring i Vika i tida kringum 800. Og dette
politiske danevelde har visseleg sett merke etter seg i ánds- og
samfundsliv.
Det er nok ikkje slump at eddakvæde Rigsthula læt den fyrste
138