Nordens Aarbog - 01.06.1920, Page 146
HAI.VDAN KOHl'
Stiklestad-slage, dá den dansk-engelske staten reiser sine sterke
skipings-krav, — dá blir kong Olav den nasjonale martyren, —
han blir heilag for di han har falle i strid for det norske sjölv-
stende. Nár so skaldane fylgjer med Magnus den Gode og Ha-
rald Hardráde i striden mot Danane, dá höyrer vi dei tek til á
skröyte av normanns-dád og normanns-mod imot báde Danar og
Sviar; dá diktar dei um segnene um Brávalla-slage til ære for
Normennene; dá legg dei Olav Trygveson i munnen dei kjende
orda frá Svolder-slage: »Det fins ikkje mod i Danane, vi reddes
ikkje for slike sælingar, — det vöre betre for Sviane á sitte heime
og sleike blotbollane sine enn gá innpá Ormen under vápna váre.»
No har Normennene skilt seg ut som eit folk for seg sjölv, og
striden med Danmark har hjelpt dei med det.
P. A. Munch har ikkje forma ut synsmáten sin just slik; men
eg er ikkje i tvil um at dette er det som ligg under hjá han.
Og det er eit grunndrag vi her er inne pá. For det er striden
mot det danske, og striden mot det svenske, som i stor mun
har forma og sermerkt den norske nasjonaliteten heilt fram til
váre dagar. I denne striden er det norske folke skapt; i den
har det fátt syn for seg sjölv; i den har det lært kva nasjonalt
sjölvstende krev.
Og liksom P. A. Munch hadde set den nasjonale framvoksteren
for Noreg i striden mot danevelde, plent pá same máten fann
y. E. Sars historia vár i »dansketida» samla i dette: strid mot
den danske yvermakta. Han gjorde den store uppdaginga, som
vart grunnlage for all nasjonalhistorisk tenkning i Noreg, at
dansketida hadde ikkje berre vore ei dvaletid for det norske
folke, — at under den ytre hamen av framandvelde hadde det
gátt for seg ein levande og sterk historisk vokster. Sjölvstende
var brote ned; dansk styre og dansk mál gav form for alt det
av Noreg som snudde ut mot verda; i statsskikk og i ándsliv
var det utalands makter som rádde; den faste tráden gjenom
folkehistoria tyktes mest avskoren. Men so samla alle folke-
evnene seg meir og meir um á binde samanhangen att. »Denne
Stræben», sa Sars i 1867, »efter at hele det skete Brud, efter at
tilintetgjöre det Fremmede, og restituere den nationale Enhed og
den historiske Sammenhæng er Kjernen af vor Historie fra Re-
formationen og indtil idag.» Ut ifrá dette syne skreiv han si
storfelte »Udsigt over den norske Historie».
140