Nordens Aarbog - 01.06.1920, Blaðsíða 150
HALVDAN KOHT
ho i strid med borgarklassa, og ho er heilt av norsk upphav, i
ætt og i mal. Ho har dá eit tvidrag i seg, nasjonalt sét, og det
store spursmále for norsk framtid er just dette: skal arbeidar-
klassa gá med eller mot bönderner Her er mykje som bind, og
mykje som skil, og endá stár det og vippar. Men so mykje
synes visst, at den kulturforma som arbeidarane vél, den blir det
som vinn i Noreg.
Soleis förer linene fram igjenom historia vár frá gamle tider
og inn i framtida. Og ser vi so tilbake og spör: koss har det
seg i grunnen at den norske historia skulde bli soleis sund-
hoggen, at folke várt skulde sige inn under framandvelde, poli-
tisk, sosialt, ökonomisk, ándeleg? Ja, dá möter vi fullt med tvils-
mál, og nær-sagt kvar ein granskar gjev sitt eige svar.
Det store skifte kom i i^de hundraáre; dá var det »danske-
tida» tok til, unionen med Danmark under dansk konge og danslc
adelsstyring. Det som ■ skulde ha berga sjölvstende várt den
gongen, det mátte ha vore ein sterk norsk adel. Men den fans
ikkje. Adelen i Noreg var berre i liten mun norsk, nasjonal.
I grunnen var kanskje ikkje adelen pá den tida serleg na-
sjonal i noko av dei tri norderlanda. Han hadde vorte skandi-
navisk, ja nær-sagt tysk-skandinavisk; han hadde meir syn for
klasse-bate enn for lands-bate. Og for klasseformál slo han seg
i hop yver heile Norden. Men dá gjekk det ut yver Noreg; for
Noreg var det veikaste, det fatigaste og folketunnaste av dei tri
landa, — det var i Danmark og Sverike den skandinaviske ade-
len mátte hente störste styrken sin.
Dette at den norske adelen gjekk upp i ein skandinavisk,
det hadde rot langt tilbake. Og her er det at det svenske mel-
der seg i norsk historie. For det var med den svenske adelen
at den norske fyrst tok til á blande seg. Vi kann finne giftar-
mál mellom norske og svenske adels-ætter heilt tilbake til den
elste historiske tida; men det var i i4de hundraáre at denne
ætteblandinga skaut fart, og dá var det at den norske adelen for
álvor tok til á bli avnorska, so han i I5de miste báde evne og
vilje til á stá imot det danske innrykke. Noreg fekk inga »svenske-
tid», — Sverike hade nok á gjöre med sjölv á verje seg imot á
fá ei dansketid heime. Men sambande med Sverike fyrebudde
dansketida i Noreg.
Dá no Danmark tok makta yver Noreg, — med danske
144