Nordens Aarbog - 01.06.1920, Page 152
HÁLVDÁN KOHT
ættene. Det fins ikkje noko svensk spursmál lenger i Noreg; vi
tenker ikkje pá svenskane annleis enn som pá gode vener og brör
utafor landegrensa.
Men det danske spursmále — det brenn like godt den dag i
dag, ja i visse mátar vél so heitt no som hundra ár tilbake. Det er
i fyrste rekka eit indre spursmál; Danmark har inga makt lenger
yver oss. Men det har dá ei side som snur til Danmark óg.
Endá i 40-ára heitte det i det fremste norske intelligens-blade: »vi
have jo ogsaa engang været saagodtsom danske; vi hænge ved
Sprogets og Hjertets Fibrer endnu sammen med dansk Poesi og
Aand, skjönt ikke mere med den danske Politik.» Og for Hen-
•rik Wergeland kunde det kjennes naudsynt á före strid imot dansk
dikting, imot Oehlenschláger og J. L. Heiberg, nár han skulde
verje det norske sjölvstende i bokheimen. Det har utvilsamt
vore eit band pá den frie norske voksteren, at so mykje av norsk
bokavl — Björnson, Ibsen, Jonas Lie, Kielland, Amalie Skram,
Hamsun, Peter Egge o. s. fr. — har kome ut pá dansk forlag.
Og for kvart einaste steg dei norske bokmennene har teke burt
ifrá det danske mynstre, har klaga lydd til oss fra Danmark:
vil dé skilje lag med oss? vil dé bryte gamal brorskap? Heilt
til det siste har det vore nytta til vápen i den indre striden, at
Normennene má ikkje bli so norske so dei skader samkvæme
med Danmark.
Meir og meir döyr likevel dette umsyne burt. Meir og meir
blir det álmenn semje um dette at dei norske kulturformene berre
má lempe seg etter norsk liv og norske vilkár. Og um arven
frá dansketida endá lever som spursmál i Noreg, so sluttar
Danmark meir og meir á være eit spursmál for oss. Det syner
seg her som i tilhöve til Sverike, at so fort som det ikkje lenger
er tale um noko slag av unionsstrid, so blir det av seg sjölv eit
naturleg brorskaps-tilstand mellom folka. Nár ikkje Danmark
lenger legg noko trykk pá den frie norske folkevoksteren, blir
det straks ikkje anna att enn venleg, broderleg samkvæme.
Röynsla syner at norsk sjölvstende berre er til vinning for nor-
derlendsk samliv.
Men for Noreg har historia skapt spursmál som har reint
serskild skandinavisk interesse, — spursmál som visseleg endá lenge
kjem til á egge til strid báde i vitskap og i samfundsarbeid.
146