Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1977, Blaðsíða 200
196
Mariakyrkja, og Koht (1927:8) trur at det blei skrive for prosten
der, som og var kanslar. Alnæs (1931:7) meiner det er grunn til å tru
at hånd b har vore knytt til kongskanselliet. Seip (1954:108) deler
tidlegare syn, og hevdar (1955:230) at språket er tradisjonelt kan-
sellimål “med sø. målmerker”.
C: NKS 1640, 4°, d ( = blad 90vll-91r). Storm (1885:424) date-
rer d til ca. 1300 eller litt før, Kålund (1900:189) til ca. 1300, Seip
(1955:92) til før 1300. Keyser og Munch (1849:17) held på første
halvdelen av 1300-talet. Hånd d liknar mykje på hovudhanda i
NKS 1640, 4° (hånd a), og Keyser og Munch (1849:17) meiner at
vi har å gjere med ei hånd. Storm (1885:424), Kålund (1900:189)
og Seip (1955:92) hevdar det motsette. Det ser ut til å vere det
same grafologiske og fonologiske systemet i dei to delane, men
storleiken på bokstavane er ulik. Etter mitt syn har vi her å gjere
med ein skrivar. Lundeby (1947:100) meiner at ikkje noko talar
mot at språket i hånd a “har sitt grunnlag i Oplandsmål”, og at
håndskriftet kan ha blitt til i Hamar. Seip (1955:92) hevdar at
førelegget må ha vore “vestno. tradisjonelt språk; men fra skri-
veren [a] kommer mange øn. former, rimeligvis fra indre sørøstl.
(Oslo)?”.
D: UBO 317, 4°, f, blad 169ral3-169rb29. Hånd f har i alt skrive
167rb25-171v. Keyser og Munch (1849:17) daterer f til midten av
1300-talet, Seip (1955:230) til perioden 1320-1350. Storm (1885:
731) meiner at f “har meget tilfælles i Dialekt og Retskrivning
med Haand e”, som er hovudhanda i håndskriftet. Rajic (1975:25)
seier at det “er sannsynlig at hendene e, /, g og h hører sammen”,
og meiner at målføret i e helst er viksk (1975:255). Ei grafologisk
samanlikning syner klårt at hånd f ikkje er identisk med nokon av
hendene e, g og h. Seip (1955:255) hevdar at dei som har skrive
dette håndskriftet, “synes å ha hatt full vokalreduksjon etter kort
ro tstavelse også; de er derfor rimeligvis fra en østl. eller søri. dia-
lekt med ‘e-mål’”.
E: Sth. Perg. 4° nr. 34, g, blad 106vb26-107ra. Hånd g har i alt
skrive 91r-128r. Storm (1885:668) daterer g til midten eller andre
halvdel av 1300-talet, Godel (1897-1900:98) til ca. 1350. Språket
i g er islandsk, jfr. Storm (ibid.), Godel (ibid.) og Seip (1955:233).
F: Sth. Perg. 4° nr. 35, g, blad 110rl4-lllrl3. Hånd g har skrive
91r-126v. Keyser og Munch (1849:17) daterer g til ca. 1400. Storm
(1885:673) held på første halvdelen av 1400-talet, “maaske omtr.